|
" TAKK FOR REGNET "
80x120 oljemaleri av Synnøve Ekornåsvåg Fosse |
|
TAKK FOR REGNET
Ei Herrens gåve kom så stilt
med bygda låg og sov,
det risla over vang og vold
og tipla lett om nov.
Kvart lauv og blad i skog og mark
vart til tangentar små,
naturen var eit stort klaver
som dropar spela på
Og tonane var bare - TAKK
i seine junikveld,
som atterljod frå Karmels topp
når bønegåva fell.
TAKK,TAKK - det song kring stovevegg
då tusen dropar datt,
det var som småborn leika seg
i dimme sommarnatt.
Eg takka Gud på lega mi
for dette tonevell;
ein har vel grunn til gleda seg
ein slik ein sommarkveld. |